Om Bømlo – det livskraftige øysamfunnet

Bømlo er ein øykommune med til saman over 1000 større og mindre øyar. Flateinnhaldet er på 247 km2, og innbyggjartalet ligg på om lag 10 800. Kommunen har folketalsvekst, og i næringslivet rår optimismen.

Våren 2001 opplevde Bømlo ein ny tidsalder ved at øya vart knytta til fastlandet og naboøya Stord gjennom Trekantsambandet.

Bømlo

Busetjinga på Bømlo er spreidd, med heile fem tettstader. Desse vert nærare presenterte på dei neste sidene. Sida er vidareført i samarbeid med Lånemegleren, ein låneagent som formidlar billån, boliglån, forbrukslån, båtlån og mykje anna innefor finansiering.

Bømlo har 13 skular, av desse er ni barneskular, tre kombinerte barne- og ungdomsskular og ein rein ungdomsskule. I kommunen ligg Olavskulen folkehøgskule og både yrkesfagleg og allmennfagleg vidaregåande skule. Barnehagedekninga er ganske god, med i alt ni barnehagar.

For eldre og sjuke har kommunen fire institusjonar, og det næraste sjukehuset er Fylkessjukehuset på Stord. Elles har Bømlo fleire legekontor, tannlegar, veterinær og apotek.

Kyrkja og kristenlivet står sterkt i Bømlo, med seks vakre kyrkjer, mange bedehus og stor aktivitet.

Du kan lese meir om Bømlo på Wikipedias nettsidar.

Også kulturlivet blømer. Bømloteateret, som er eit aktivt og kjent amatørteater, spelar på mange strenger. Mest kjent er det årlege Mostraspelet. Eit anna aktivt lag er Bømlo Musikallaug. Dei har dei siste åra sett opp store musikalar i Moster Amfi, blandt andre Jesus Christ Superstar og Les Miserables. Elles har Bømlo fleire aktive kor for ulike aldersgrupper, mange skulekorps og Bømlo Janitsjar for dei vaksne. Musikkskulen koordinerer mange av desse tilboda.

Høgt på bømlingane si ønskjeliste står eit kulturhus. Byggjing av kulturhus på Svortland tok til våren 2004, og huset skal stå ferdig sommaren 2005.

Innan sport dominerer fotballen, men mangeer og aktive innan andre idrettar. Aktivitetane er organiserte i fleire idrettslag.

På Bømlo er ein aldri langt frå sjøen. Båtliv og fiske er ein naturleg del av tilveret for dei fleste bømlingane, med plass nok til at alle finn sin spesielle stad.

Store delar av næringslivet er naturleg knytta til havet. Bømlingane er såleis både øybuar og verdsvante. Godt forankra i eigen kyst- og småbrukskultur reiser mange verda rundt som sjøfolk, oljearbeidarar, servicefolk, og som representantar for dei internasjonale verksemdene.

Kommunikasjonane er gode, særleg med det nye Trekantsambandet. I tillegg har Bømlo ferjesamband til fastlandet på Sveio og daglege hurtigbåtsamband til Stord, Bergen, Haugesund og Stavanger. Flyplassane i Bergen, Haugesund og på Stord ligg alle innanfor rimeleg reisetid.

Bømlingane har alltid vore glade i å ta imot gjester og tilflyttarar. Dei er stolte av heimstaden, røtene sine og det mangfaldet som Bømlo representerer.

Trongen for godt kvalifisert arbeidskraft har ført med seg mykje tilflytting. Dette gjev næringslivet på Bømlo stabil og høgt kvalifisert arbeidskraft som utgjer ein viktig og positiv konkurransefaktor for verksemdene.

Dei mange industribedriftene har skapt grunnlag for utbygging av handels- og servicenæringane. Dermed har Bømlo eit godt utbygt og profesjonelt servicemiljø med moderne forretningar og kjøpesenter, der ein finn det meste.