Litt historie

“Utkiken rapporterte land i sikte. Det var “Siggen” på Bømmeløen”. Roald Amundsen på polarskuta “Fram” fekk på denne måten landkjenning med fedrelandet att. Slik har Siggjo og Bømlo stige fram for sjøfarande opp gjennom tidene og vore fyrste landkjenninga med Noreg.

Etter den siste istida søkte menneska nordover langs norskekysten. Kysten ved Bømlo med sine mange skjer, sund og holmar var eit ypparleg område for fiske og sjøfangst. Den fyrste tida var det jegerstammer, seinare vart folka meir bufaste. Dei eldste steinalderbuplassane på Bømlo er om lag 10 000 år gamle.

Hespriholmen
For om lag 9 000 år sidan byrja veidefolket å nytta grønstein frå Hespriholmen til reiskapar. I skrøpelege skinnfarkostar har dei teke seg fram til denne vesle holmen, brote laus stein og ført han inn til Langevåg.

Langevåg
På Langevåg budde “grønsteinsfolket”. Her vart grønstein frå Hespriholmen bearbeidd til reiskap og våpen i mange tusen år. Hoggeplassar og buplassar frå steinalderen ligg tettare her enn nokon annan stad på Vestlandet. Etter kvart vart grønstein det dominerande råstoffet til øksar i eldre steinalder. Den kjende arkeologen Haakon Shetelig kalla Bømlo for “sogelandet”.

Fiskerihistoria
Bømlo har til alle tider vore knytta til havet, og bømlingen har vore fiskarbonde. Rundt 1830 kom det store innsig av vårsild til vestsida av Bømlo.

Espevœr
Espevœr stod sentralt i dette fisket, og Baadehuset (i dag museum) var i sentrum.

Seinare vart Espevœr eit midtpunkt for hummarfisket, der utskiping frå hummarparkane til inn- og utland gjekk føre seg. Espevœr var og sentral i byrjinga av 1900-talet då makrelldorginga i Nordsjøen var ei viktig nœring.

Også i dag er svœrt mange bømlingar knytta til maritime arbeidsplassar gjennom fiske, skipsfart og oppdretts-nœring.

Gullgruvene
På siste del av 1800-talet opplevde Bømlo eit stort “industrieventyr”. Eit gullfunn som ein liten gut gjorde, utløyste skjœre “gullrushet”. Rundt 1885, då det var på det mest hektiske, var fleire hundre mann i arbeid i gullgruvene ved Lykling. Til saman vart det funne om lag 140 kg reint gull.

Wichmannsmia
Bømlo si nyare industrihistorie starta i Wichmannsmia på Rubbestadneset i 1903. Her vart den fyrste båtmotoren laga. Dette gav opptakten til Wichmann Motorfabrikk – no Wärtsilä Norway AS. Mange knoppskytingar skjedde rundt denne verksemda, alle høgteknologiske arbeidsplassar knytta til det maritime miljøet.

1000-års jubileet og Kristenretten
I 1995 var det storfeiring på Bømlo. Då feira kyrkja at det var 1000 år sidan Olav Tryggvasson steig i land på Moster, let reisa landtelt og heldt messe. Seinare har det vore ein ubroten gudstenestetradisjon i Noreg.

I 1024 kom Olav Haraldsson (den Heilage) til Mostratinget for å få vedteke kristenretten.