Moster

Moster, eit sentrum i tusen år…

I vikingtida var Bømlo eit sentrum i landet si historie, og Moster spela ei hovudrolle. På denne tida var sjøferdsla sœrs viktig. Vestlandet var sentrum i landet vårt, og midt i dette området låg Moster. Det er difor ikkje til å undrast over at Moster er så pass sentral i det norske historiebiletet på 1000-talet, då kristninga av landet kom i fokus.

På Moster vert historia gjort levande. Tre av dei store vikingtidskongane i norsk historie er knytte til den tidlegaste misjonshistoria; Håkon den gode, Olav Tryggvason og Olav Haraldson. Alle er dei, kvar på sin måte, knytte til Moster. Minnesmerka er mange; den gamle kyrkja frå 1100-talet, som seiest å vera den eldste kyrkja i Noreg, steinkrossen på Veta-haugen, kongesteinen og minnestøtter.

I mellomalderen vart det tatt ut og brent kalk mange stader i Sunnhordland. På Moster var det fleire kalkbrot, dette var ei viktig attåtnœring heilt fram til vår tid. Eit av desse kalkbrota er i dag Moster Amfi. Inne i Moster Amfi er den kyrkje- og religionshistoriske utstillinga “Frå heidendom til kristendom”, ei tankevekkjande vandring gjennom den norrøne mytologien, samfunn i vikingtida og overgang til kristen tru og livsforståing.

I Amfisalen vert biletspelet “1000 år – Ei messe” vist. Dette er ei reise i lyd og bilete gjennom kyrkjebygg, liturgiar og kyrkjekunst frå kyrkja sitt tusenårige liv i Norge.

Den gamle gruvegangen knyter saman opplevinga mellom historisk tid, den industrielle utviklinga og kulturanlegget Moster Amfi.

I Mostraspelet “Kristkongane på Moster” vert me tekne med i historia som skildrar ei dramatisk brytningstid i Noregssoga, møtet mellom gamal og ny tru. Spelet spenner over eit tidsrom på 30 år, då Moster kom til å stå i sentrum for viktige historiske hendingar.

I nokre timar vert me dregne 1000 år attende i tida, og får vera vitne til korleis desse omveltingane i samfunnet også set sine spor i einskildmenneska. Her får me vår eiga soge og kulturbakgrunn levandegjort gjennom ei dramatisert framstilling på historisk grunn. Sogespelet lokkar fram både smil og tårer. Spelet vart synt fram første gong i 1984 og er skrive av forfattaren Johannes Heggland.

Moster Gamle Kyrkje
Snorre fortel at i år 995 la Olav Tryggvason til lands på Moster etter ferda over Nordsjøen frå England for å bli konge i Norge. Her feira han messe og grunnla ei kyrkje på same staden, og her har Olav den heilage og biskopen hans halde ting i år 1024.

Fortidsminneforeningen kjøpte kyrkja i 1874. Moster kyrkje er truleg den norske bygdekyrkja som har lengst antikvarisk historie.

Moster kyrkje er av dei enklaste kyrkjebygningane i landet, med
kvadratisk kor og rektangulœrt skip. Den einaste utvendige dekoren er klebersteinssokkelen. Innvendig er veggene dekte av etter-reformatorisk dekor. Det bevarte interiøret viser at kyrkja har gjennomgått ei stor omform-ing innvendig tidleg på 1600-talet. Preikestolen er i renessansestil.

Moster kyrkje vart på 1600-1700 talet rikt utstyrt med gåver frå byborgarar og handelsmenn. Lensherrar og adelsmenn har ikkje etterlete seg spor i form av gåver. I 1732 gav ei rekkje tollarar, prestar og handelsmenn nye, store vindauge i kor og skip, og fekk sine namn og titlar malte på rutene. Den utsmykninga som gir kyrkja mest karakter, er likevel dei rike kalkmaleria som dekkjer alle veggene.

Fortidsminneforeningen forvaltar denne kulturarven saman med lokale krefter. Kyrkja er freda og underlagt Riksantikvaren si overvaking. Kyrkja vert stundom brukt til gudstenester. Kyrkja kan leigast til kulturopplevingar, bryllaup og barnedåp.

Mostraspelet
Sogespelet “Kristkongane på Moster” er den sentrale delen i ei kulturhelg som omfattar teater, konsertar, gudsteneste, utstillingar m.m.

Tid: Månadsskiftet mai/juni
Billettsal: Posten eller Billettservice

Moster Amfi
nord-Europas mest unike friluftscene og utandørs teatersal, med sitjeplass til 1300 tilskodarar, er veleigna for teaterframsyningar og konsertar m.m. I 1995 vart det store jubileet “Kyrkja i Noreg 1000 år” feira her. Inne i Moster Amfi ligg utstillinga “Frå heidendom til kristendom”, ei tankevekkjande vandring gjennom den norrøne mytologien, samfunnet i vikingtida og overgangen til kristen tru og livsforståing. I Amfisalen viser me biletspelet “1000 år – ei messe”. Spelet fylgjer to parallelle liner, den historiske frå 995 og fram til 1995, og den liturgiske frå inngang til utgang av høgmessa. Amfisalen nyttar me og til konsertar, teater, utstillingar, foredrag og selskapsarrangement. I Amfi-kafeen kan du sitja og nyta kunstutstillingar på veggene i kombinasjon med kaffi og nysteikte vaflar.