Næringsliv

Det høgteknologiske industrimiljøet i Bømlo har i stor grad sitt opphav i knoppskyting. Wichmann Motorfabrikk, kjend for sine skipsmotorar, vart seinare til Wärtsilä Norway og er framleis ei hjørnesteinsbedrift. I år 2000
vart produksjon av propellanlegg selt til John Crane-Lips Norway AS, mens Wärtsilä framleis driv produksjon av gear og sal av motorar i tillegg til drift av stor reparasjonsverkstad. I Langevåg har Eidesvikfamilien bygt opp ei stor verksemd innan seismikk og offshore supplytenester.

Rundt desse verksemdene har andre bedrifter innan maritime produkt skote fram. Og i tett samarbeid med Rubbestadnes Yrkesskule får mange ungdommar opplæring innan desse yrka.

Høgteknologiske bedrifter krev godt kvalifisert arbeidskraft, og det har vore ei jamn tilflytting til kommunen. Dette har igjen ført til at handels- og servicenæringa er svært godt utbygd og på eit høgt nivå. Den store utfordringa i dag er å skaffa nok kvalifisert arbeidskraft til auken i arbeidsplassar.

Det har jamt over vore lågare arbeidsløyse i Bømlo enn i regionen og landet, og ein har ikkje vore utsett for dei store svingingane i sysselsetjinga.

Eidesvik AS
Reiarlaget driv i dag ein moderne flåte av spesialskip som opererer innanfor desse marknadsområda: Forsyning, Ankerhandtering og slep, Stand by/Rescue og oljevern, Seismikk og havbotnsundersøking, Vedlikehald av undervassinstallasjonar, Kabellegging.

Eidesvik AS utviklar «skreddarsydde» løysingar for oppdragsgivarane sine, og har dei fleste av skipa på langsiktige kontraktar med leiande operatørar over heile verda. I tillegg til at reiarlaget har eit godt feste i Nordsjømarknaden, har operasjonsområdet dei siste åra strekt seg frå Barentshavet til Mosambik og frå Kina til USA.

Selskapet har om lag 400 tilsette, og meir enn 370 av desse er sjøfølk.

Wärtsilä Norway AS
Wichmann, som er kjend for sine skipsmotorar, vart i 1986 seld til det finske Wärtsilä – konsernet, ein av verdas største produsentar av skipsdieselmotorar og anna skipsutsyr. Dei to Wärtsilä verksemdene i Rubbestadneset ,Wärtsilä Norway og Wärtsilä Propulsion Norway har i dag nærare 500 tilsette og ei omsetning på ca 900 mill. NOK. Produkta er propellere, reduksjonsgear og manøvreringssystem i tillegg til service og sal av alle Wärtsilä-produkta til den norske marknaden.

Skipsreparasjonsavdelinga, som har 150 tilsette og stor moderne flytedokk, kan utføra alle typar reparasjonar som gjev grunnlag for leveransar frå mange mindre verksemder på Bømlo.