Perler på ei snor

Me ser på Bømlo som ei øy med tusen perler strødde rundt. Eit vell av idyllar som lokkar med livd for vind, kvile for auga og lukt av rå natur…
Me har mykje ver!

Langevåg – eit kraftsenter
Området rundt Langevåg i sør er ein av dei eldste buplassane i distriktet. Her vart grønstein frå Hespriholmen forma til reiskap og våpen før dei vart utskipa. Denne bergverksindustrien varte ved i meir enn 5 000 år, og er kalla “Noregs eldste industri”.

Seinare har ulike maritime aktivitetar som fiskeri, sjøfart og havbruk gjeve den største verdiskapinga. Dei siste ti-åra har Eidesvik-gruppa vore mellom dei fremste i å bruka høgteknologisk maritim kompetanse.

Espeværgruppa som driv med produksjon av laks frå smolt til ferdige produkt, har eit av Noregs mest moderne lakseslakteri lokalisert i Langevåg.

Langevåg Bygdatun
Langevåg Bygdatun er eit fleirbrukshus som skal stå ferdig våren 2005, og som skal gi plass til næring, helse, kultur og idrett.

Dette blir eit senter for oppleving og opplæring som spenner frå fjern fortid til ei spanande framtid. Her tek ein sikte på å presentera vår felles kulturarv med fornminne og kyst- og fiskerihistorie, ved bruk av ulike former for mediapresentasjon.

Ulike opplevingsmål:
Det eldste bedehuset i landet, motormuseum, kyrkje frå 1621, gjestebryggje for småbåtar, variert natur med oppmerka turstiar. Eit framifrå utgangspunkt for sportsfiske, havfiske og rekreasjon.

Frå Langevåg går det båt til øysamfunnet Espevær og ferje til Buavåg på fastlandet.