Så mange opplevingar

Brandasund, ein gamal handelsstad

Brandasund ligg idyllisk til, lengst nord i øyriket Bømlo. Brandasund har ei lang historie som handels- og gjestgjevarstad.

Staden fekk truleg namnet etter handelsmannen Jacob Brandt som budde her kring 1660. I den store sildeperioden på 1700- og 1800-talet var Brandasund eit livskraftig sentrum. I 1897 vart her bygt hermetikkfabrikk, og dei selde fiskeprodukt både til inn- og utland. At fisken var frå Brandasund, var eit prov på kvalitet. Hermetikkfabrikken er no omgjort til serveringsstaden “Fabrikk-loftet”.

Enno er det eit tett bygningsmiljø i Brandasund. Hovudbygningar frå tidleg på 1800-talet, “Mosesloftet” frå 1700- talet, drengestove, bakeri, bakarbustad, losjihus, stabbur, skykkje, smie, butikk, fiskefabrikk, kornbu og saltebu. Dette er bygningar som står som trauste monument om storhetstida som ein gong gav livsgrunnlaget for folka her ute. Gjennom tusen år har den lune gode hamna lege sentralt i den ytre leia langs kysten.

Nillo på skjeret vart vide kjend for sin spesielle butikk, og var i mange år ein institusjon i lokalsamfunnet. Nillo er borte no, men butikken står att. Butikken fungerer som museum, og er open for publikum kvar sommar.
Brandasund er eit ynda mål for båtturistar. I 1991 kom det veg over Bømlo ut til desse øyane.

Prøv fiskelykka og nyt naturen!
Mellom bakkar og berg ..”

På Bømlo finst det mange oppmerkte turstiar. Ei vandring på desse stiane gjev deg ei oppleving av det mangfaldet av natur som Bømlo har å by på, med ein unik flora og spanande geologi. Her kan du oppleve alt frå den mektige utsikta frå toppen av Siggjo til opne landskap, frodig skog og spanande kulturlandskap.

Fiske og båtliv
På Bømlo treng du ikkje ha fiskelukke for å få fisk. Mellom holmar og skjer ut mot havet er du nesten garantert åfå fangst. Skjergarden, med holmar og øyar, trange sund og lune vikar, samt kanalane, gjer Bømlo til ei perle for båtturistar. Her treng du ikkje leita lenge før du finn ei lun og trygg hamn. Fleire stader er det tilrettelagt for båt-turistar med gjestebryggjer, dusj og andre fasilitetar.

Bilvandring
er eit nytt og spennande tilbod til dei som vil ha ein meir innhaldsrik tur og ei større naturoppleving enn berre utsikta frå bilen. Som vil kombinera bilturen med godt tilrettelagde, merkte, passeleg lange og interessante fotturar.

Ved hjelp av spesielle turark med kartskisser og informative tekstar for både bilturane og fotturane, kan du på ein enkel måte finna fram. På arket for bilturen er utgangspunktet for fotturane merkte av. Dei startar og endar der ein kan parkera bilen, og tar frå 1 til 3 timar med normal gange. Rutene er godt merkte, og saman med kartskissa og teksten på turarket er det lett å finna vegen.

Bømlo har tre slike fotturar:

- Mosterhamn
- Siggjo
- Brandasund

Turarka kostar kr 10,- pr stk. Du får kjøpt dei på turistkontor og dei fleste overnattingsstader i Hordaland.

Brandasund
Handels- og gjestgjevarstad frå 1600-talet.
Assortert landhandel. “Verdens beste” skillingsbollar.
Dusj, toalett, vaskemaskin og tørketrommel.
Flytebrygger, smøroljer, diesel og bensin.

E. Johnsen & Sønner A/S
5423 Brandasund

Fabrikkloftet:
Bevertningstad, servering av mat, øl, vin.
Open dagleg i sommarsesongen. Elles etter avtale.

Skjeret landhandel i Brandasundet
Tradisjonsrik familieverksemd med sœrpreg. Assortert landhandel, bunkers/bensin. Nytt, moderne fiskemottak/sal av knust is. Nysteikte bollar og kaffi. Dusj, toalett og vaskerom. Rom til leige. Godt utval i utleige-båtar.
5423 Brandasund